Steinras stengde fylkesveg 611

Ei stor steinblokk skal ha hamna i vegen.

DEL

Statens vegvesen melder at vegen mellom Veidesund og Stavang er stengt på grunn av steinras.

Meldinga kom klokka 13.33.

– Vi har fått melding om at ei stor steinblokk har rasa ned i vegen. Det skal vere ganske stor, seier trafikkoperatør Ketil Molvær i Statens vegvesen.

Han fortel at det også er hamna ein del tre og busker i vegen i samband med raset

– Det er folk på veg til staden for å gjere ei vurdering. Det er ikkje komme noko melding om at vegen blir stengt ut dagen, så eg reknar med at den blir opna igjen i dag. Utan at eg kan seie det heilt sikkert enno, seier Molvær.

Vegen vart opna igjen i 15-tida tysdag.

Artikkeltags