Torsdag føremiddag varsla 110 Vest på Twitter at det hadde gått eit steinras i Aurland kommune, ved Indreli. Steinraset gjekk over ein kommunal veg.

– Det er eit par digre steinar som har kome ned i vegen. Vi har tatt dei bort no, og opna vegen, seier brannsjef i Aurland kommune, Reinhardt Sørensen.

Over pinse skal dei dele dei to steinane og fjerne dei ordentleg. Det tok halvanna time før vegen var open.

– Det var berre godt at ikkje nokon vart treft, seier Sørensen.