Onsdag ettermiddag gjekk det eit steinras på fylkesveg 55 ved Kvamsøy mellom Høyanger og Balestrand. Ingen blei treft av raset, opplyser Bødtker.
Vegtrafikksentralen melde om raset klokka 17.10.
– Det var folk frå ein ambulanse som ringde inn og melde om raset.
Ambulanse var ikkje på utrykking og kom seg forbi raset utan problem.
– Det er passasje på staden. Nokre bilistar har vore ute og fjerna dei minste steinane og entreprenør er no på veg for å fjerne dei største, opplyser Bødtker like før klokka 18.00.