Gå til sidens hovedinnhold

Steinras like ved Hella ferjekai

Entreprenørar ryddar opp. Er passering.

Vegtrafikksentralen Vest melde søndag klokka 17.53 om eit steinras på fv. 13 ved Hella ferjekai i Sogn.

Steinraset skal ha gått like ved kaien, men det skal likevel ha vore mogleg å passere.

Statens vegvesen sende ut entreprenør til staden.

Trafikkoperatør Gaute Losnegård ved Vegtrafikksentralen seier til Firda 20.17 at dei har folk på plass for å rydde opp steinraset. Han veit ikkje noko om storleiken på raset.

– Det er ingen trafikale problem og mogleg å passere staden, seier Losnegård.

Kommentarer til denne saken