Klokka 15.30 torsdag melder Vegtrafikksentralen at fylkesveg 55 mellom Gaupne og Lom er delvis stengt etter eit steinras. Eitt felt er framleis ope, men Vegtrafikksentralen ber bilistar ta høgde for at det kan oppstå kø. Entreprenør er på veg.

Like etter klokka 16.00 melder Vegtrafikksentralen at steinen er fjerna og opna for fri ferdsel att.