Klokka 15.45 torsdag ettermiddag melde Vegtrafikksentralen at det hadde gått eit ras på fv. 616 i Bremanger, melllom Skatestraumtunnelen og Berleporten. Steinar og tre har komme ned i vegbana.
Trafikken på austsida av rasstaden blei ståande på rasteplassen ved Hunsgår, på vestsida stod dei ved Berleporten.
Raset var kring ti meter breitt. Det ligg tre-fire store tre i vegen og ein del torv, får Firda opplyst.
Entreprenør er komen til staden klokka 17.00. Klokka 17.35 opna vegen att.
Les også
NVE varslar framleis stor fare for skred i regionen
Les også
Fleire vegar stengde som følge av uvêret. Her får du oversikta