Klokka 12.30 torsdag melder Vegtrafikksentralen at ei steinblokk har ramla ned ved tunnelmunningen på vestsida av Breimsfjell 2-tunnelen.

– Steinblokka er om lag ein halv kubikkmeter stor, og datt ned på vestsida av Breimsfjell 2-tunnelen, fortel trafikkoperatør Ken Ove Holm ved Vegtrafikksentralen.

Breimsfjell 2 er den første tunnelen ein køyrer gjennom på veg frå Sandane mot Byrkjelo.

Steinblokka ligg ved kvitestripa på utsida av vegen rett utanfor tunnelen. Det er no manuell dirigering forbi rasstaden.

– Det må takast ei vurdering om det er fare for at fleire blokker kan rase, opplyser trafikkoperatør Holm.

Entreprenør er på veg til staden.

Vegtrafikksentralen opplyser klokka 13.37 at vegen er open for fri ferdsel.