– Ein stein på kring fem tonn ramla ned i vegbana, fortel trafikkoperatør Lise Kristoffersen i Vegtrafikksentralen om raset på fylkesveg 5442 ved Hest i Høyanger.

Ho fortel at Mesta fekk beskjed om raset 00.15 natt til torsdag.

Ifølge henne ville dei ikkje undersøkje rasstaden på natta, men heller ta det på dagtid. Geolog skal undersøkje rasstaden i løpet av dagen, men Kristoffersen seier at ho ikkje veit kva tid dette blir.

Kva tid vegen opnar, er førebels uvisst.

Kristoffersen har førebels ikkje fått melding om det er skader på vegen som følge av steinblokka som dundra ned i vegbana.