Gå til sidens hovedinnhold

Steinar i vegen stengde tunnel i Høyanger

Kvernhaugstunnelen på fylkesveg 55 mellom Vadheim og Dragsvik i Høyanger kommune vart mellombels stengd grunna gjenstandar i vegen, melde Vegtrafikksentralen på Twitter laurdag morgon.

Trafikkoperatør Ketil Molvær i Vegtrafikksentralen opplyser at det ligg stein i tunnelopninga på vestsida av tunnelen.

– Det ligg ein 4–5 steinar i vegen i tunnelmunninga. Meldar heldt på å treffe dei, men klarte akkurat å køyre unna.

Dei fekk melding om steinane klokka 08:15, og entreprenør skal straks vere framme på staden for å fjerne steinane, opplyser Molvær i 08:30-tida. Kort tid etter vart tunnelen opna att.

Kommentarer til denne saken