Gå til sidens hovedinnhold

Steinar i vegen og punktert bil stengde Naustdalstunnelen

Naustdalstunnelen på Rv. 5 mellom Førde og Florø er no open for trafikk, men vil bli stengt i ein kort periode tysdag.

– Vi har fått melding om at det skal vere steinar i vegbana, og ein bil skal ha punktert, seier trafikkoperatør Tore Tysse i Statens vegvesen.

Tunnelen er no open for trafikk. Bilen som er punktert står i havarilomme i tunnelen, og vil bli berga seinare. Då vil tunnelen bli stengt i ein kort periode.

Tysse veit ikkje med sikkerheit om bilen er punktert på grunn av steinane i vegbana.

Det er ukjent kor store steinane i vegen er. Det er ikkje meldt om personskadar.

Les også

Tre vil drifte riksvegane: Over 100 millionar skil dyraste og billigaste tilbod

Les også

Mannen krasja i rundkøyring midt på lyse dagen. No får han hjelp – og straff

Les også

Festplassen: Ja takk til asfalt, nei takk til parkeringshus

Kommentarer til denne saken