Gå til sidens hovedinnhold

Steinar i vegbana nær Vadheim

Klokka 05.00 torsdag morgon melde Vegtrafikksentralen om steinar i vegbana på E39.

Dette skal ha skjedd like før Bogstunnelen frå Vadheim-sida.

Like før klokka 06.30 melde Vegvesenet at entreprenør har vore på staden, og at det er fri ferdsel.

– Det var stort sett småstein som blei rydda i 06-tida, seier Tom Erik Englaugstad på Vegtrafikksentralen.

Kommentarer til denne saken