Gå til sidens hovedinnhold

Steinar i vegbana førte til sikksakk-køyring på fv. 609

Ved Hundsåna var det steinar i vegbana, men no har entreprenøren rydda opp.

Tysdag føremiddag varsla vegtrafikksentralen om steinar i vegbanen ved Hundsåna, mellom Askvoll og Førde.

– Vi fekk ei melding frå ein bilist som hadde passert. Det har rast ut lite grann, ikkje store steinar, sa Tor Evensen, trafikkoperatør i Statens vegvesen, til Firda rundt klokka halv elleve.

Han sa då det var mogleg å passere på staden.

– Ein må nok køyre litt sikksakk, men det er mogleg å kome seg forbi.

Vegvesenet varsla entreprenør, som var på veg til staden då Firda prata med trafikkoperatøren.

– Dei blei varsla for tre kvarter sidan, så dei bør ikkje vere så veldig langt unna, sa Evensen.

No er vegen rydda.

Vegtrafikksentralen varslar 10.43 at entreprenørar har rydda vegen og at vegen er opna for fri ferdsel.

Kommentarer til denne saken