Fleire store steinar har rast ut i vegen på fv. 5600 i Vik.

Delar av autovernet er øydelagt, og det skal vere sprekkar i vegen.

– Det er beskrive som store steinar, og det er sagt at nokre meter i asfalten har fått store sprekkar, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Verken personar eller køyretøy skal vere skadd, men det er ikkje mogleg å passere på staden.

– Vegen er stengd. Geolog vil komme i morgontimane for inspeksjon. Det er sett opp sperringar, seier Kolltveit.

Entreprenør har vore på staden og sett opp sperringar. Geolog vil reise ut til staden på føremiddagen onsdag for inspeksjon av området.

SISTE: Vegtrafikksentralen opplyser at vegen blir stengd ut dagen grunna rasfare. Ny vurdering er venta klokka 10.00 torsdag.