Gå til sidens hovedinnhold

Stein stengde tunnel i Bremanger

Entreprenør rydda opp.

Rett før klokka 07 måndag morgon melde Statens vegvesen at Magnhildskartunnelen på fv614 i Bremanger vart stengd.

Det skal ha vore stein i vegbana.

Entreprenør vart varsla og rykte ut til staden, melde dei på Twitter.

Oppdatering: Tunnelen er no rydda og open for trafikk. Ifølge Vegtrafikksentralen skal det ha vore snakk om små steinar som hadde rasa ned.

Kommentarer til denne saken