Klokka 06.54 fekk Vest politidistrikt melding om eit stein- og jordras i Gaupne i Luster kommune.
Raset skal ha gått nært eit bustadområde, men verken menneske eller hus skal vere tatt.
Som følge av raset skal ein kraftleidning som går i området vere øydelagt. Straumen har gått i området.
Politi, brann og energiverk er på staden.