Klokka 06.00 fekk politiet melding om ein stein som hadde rasa ned på vegen på E39 på Jølster.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tom Johannessen, fortel at det var langs Jølstravatnet ved Ålhus i retning mot Skei.

– Entreprenør er på staden. Det ser ut som vegen er noko sperra medan dei ryddar, seier Johannessen til Firda klokka 09.10 søndag morgon.

Tom Erik Englaugstad i Statens vegvesen fortel at det var ein stor stein som har rast ut på vegen. Den skal ha treft kvitstripa og låge litt inn i vegbana.

– Den er no fjerna og vegen er ope, seier han.