– Éin mann var i bilen som vart treft, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund ved Vest politidistrikt.

Klokka 12.56 fredag ettermiddag melde politiet at ein stein har losna frå fjellsida og treft ein bil på fv. 609 Førdefjordvegen, ved Heilevang. Bilen hamna så i fjellveggen.

Heilevang ligg på grensa mellom Sunnfjord og Askvoll kommune.

Ingen skal vere skadd som følge av raset, opplyser politiet på staden.

Heilevang er ei kjend ras-strekning, og per no er det uvisst om det er trygt å køyre forbi. Vegen er difor sperra.

Politi og entreprenør er på staden. Dei vil gjere undersøkingar og avgjere om vegen kan bli opna opp att.

Firda kjem tilbake med meir.