Det seier Steffen Daniel Rørstadbotnen (29) frå Førde.

Det heile starta før pandemien. Kjærasten, Aleksander Solheim, fortalde at han kunne tenke seg å ha eit eventyr før dei vart vaksne og det ville Rørstadbotnen også.

På den tida jobba han som intensivsjukepleiar ved Haukeland sjukehus i Bergen og hadde bindingstid på kontrakten på to år. I tillegg sette pandemien det litt på vent også. Men i september kunne paret endeleg starte eventyret «down under».

– Dei første vekene reiste vi litt rundt på ferie før vi slo oss ned her i Gold Coast, seier Rørstadbotnen.

Komplisert prosess

29-åringen har no fått jobb på Gold Coast University Hospital og har nettopp lagt bak seg sine første veker i jobben. Han fortel at det har vore mykje administrativt arbeid for å få autorisering til å jobbe som sjukepleiar.

– Det var veldig komplisert. Vi hadde heldigvis planlagt dette så eg kunne søke i god tid før eg reiste ned. Eg måtte få oversett alle mine papir til engelsk og ha to intervju klokka 06.00 på teams. Men autorisasjonen måtte eg møte opp personleg for å få godkjent, så det ordna seg heldigvis då eg kom hit, seier Rørstadbotnen.

Så langt har han blitt tatt godt i mot på avdelinga.

– Eg har nettopp gått gjennom opplæring, så har ikkje kome heilt inn i det endå. Men inntrykket eg har fått er det er mykje likt som i Norge, verdiane og måten vi tenkjer på. Hovudutfordringa er namn på medisinar, det må eg lære meg på nytt.

Gold Coast er kjent for å vere ein festby, og det pregar også intensivavdelinga. Det er spesielt ein ting han håpar å sleppe å møte på.

– Det blir mykje av det same som i Norge, hjarte- og karsjukdommar og kreft. I tillegg kjem det mykje traume og overdosar inn her. Eg har enno ikkje vore bort i edderkoppbit. Min taktikk er at om eg gir edderkoppane fred, så gjer dei det same mot meg, seier han og ler.

Vanskeleg leigemarknad

Etter å ha reist litt rundt i landet, skulle dei endeleg begynne å leite etter leilegheit i byen dei skulle bu i. Det var vanskelegare enn venta, fortel Rørstadbotnen.

– Vi var litt naive der. Det er litt krise på leigemarknaden, seier han.

Dei hadde ordna med ein AirBnb-leilegheit første veka i byen, men det tok lengre tid for dei å finne leilegheit.

– Det var ein større utfordring enn det vi trudde, så vi enda med å bu tre veker i koffert fram og tilbake frå hostell og Airbnb før vi fekk leilegheit. Då hadde vi vore på åtte visningar og søkte på fire av dei. Den vi søkte på hadde 19 andre søkarar, så sånn sett var vi også heldige, seier han.

Nyt varmegradane

Planen er at dei skal vere i Australia i alle fall i eitt år, men han ser ikkje bort ifrå at det kan bli lenger. Enn så lenge har han eit vikariat litt ut på nyåret, men det håpar han blir forlenga.

– Vi har visum for eitt år, men vi håpar at vi kanskje kan forlenge det om vi likar oss, seier han.

Medan Norge går inn i den mørkaste tida nyt Rørstadbotnen våren og innspurten til sommaren.

– Det er heilt fantastisk. Det var så godt å kome ned og sjå knoppar på trea i staden for gule lauv, seier han og fortel at det er rundt 25 grader der no.

Det blir også ein annleis jul for paret, som kjem til å feire den i Australia.

– Då kjem mamma og pappa og to av brørne mine ned. Eg fyller 30 år 1. juledag, så då blir det feiring. Trur dei gler seg til å komme ned, seier han.