Gå til sidens hovedinnhold

Statstilsette kan bli tvinga til å jobbe for Nav

Artikkelen er over 1 år gammel

Det kan bli aktuelt å beordre statstilsette til å arbeide for Nav, seier arbeidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Hensikta er å få bukt med den massive søknadsmengda, skriv Dagens Næringsliv.

– Det er ikkje mogleg for Nav å handtere dette på kort sikt. Nav gjer sitt ytste, men dei manglar personell, siger Røe Isaksen.

Den nye kriselova opnar for at regjeringa kan innføre tiltak som til vanleg ville gått gjennom Stortinget. Dersom fullmaktslova går gjennom, kan regjeringa beordre statstilsette frå andre verksemder til Nav.

Over 100.000 søkte om dagpengar på to dagar

Det kan bety at tilsette i Utlendingsdirektoratet, som allereie jobbar med saksbehandling, kan brukast i Nav i ein periode.

– Det er eit tiltak som kan bli brukt veldig fort. Det kan skje i morgon. Her må ting vurderast så raskt som mogleg. Nav vurderer fortløpande kva dei treng, seier statsråden.

Nav fekk 104.300 søknader om dagpengar tysdag og onsdag denne veka. Nesten alle søknadene kjem frå folk som har vorte permitterte av arbeidsgivaren sin.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken