Gå til sidens hovedinnhold

Statsministeren lokkar med lokale lettingar etter kvart

Statsminister Erna Solberg (H) ber folk som opplever strengare lokale smitteverntiltak enn nasjonale, la seg motivere av at det no blir lempa på restriksjonane.

– Til dykk som bur i område med auka smitte, og som framleis må vente på dei lettingane vi skal gjere mot slutten av neste veke, eg håpar at dette vil vere ein ekstra motivasjon til å slutte opp om smitteverntiltaka som lokale styresmakter har sett i verk, sa Solberg.

På ein pressekonferanse onsdag kunngjorde ho at gjenopningsprosessen så vidt er i rørsle, igjen, med enkelte lettingar i restriksjonane. Ho bad tiltakstrøytte nordmenn i område med smitteauke følgje smittevernråda.

– Sånn at vi får ned smitten og dermed kan lette på tiltaka også der de bur, sa ho.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken