Ho set fullstendig bom for partikollega Tor Bremer sitt forslag som å skrinleggje opprustinga av flyplassen på Anda for å finansiere Kystvegen og opprustinga mellom Innvik og Olden.

Heggø minner om at Arbeidarpartiet både i partiprogrammet og Soria Moria-erklæringa har sagt at flyplassane skal oppretthaldast.

– Det går ikkje an å setje slike prosjekt opp mot kvarandre. Kva blir i det neste? Skal vi leggje ned flyplassen på Bringeland for å finansiere E39? spør Heggø.

Ho minner også om at det er snakk om to ulike finansieringsmåtar.

– Avinor finansierer i stor grad seg sjølv med svære inntekter frå dei store flyplassane, og driv ei kryssfinansiering av flyplassane. Då går det ikkje an å trekkje ut ein flyplass og tru at du kan bruke pengane på vegbygging.

– Driv Bremer valkamp?

– Det får han svare for sjølv, seier Heggø, men legg til at det i så fall berre er i deler av fylket.

Sjølv blir ho derimot meir enn gjerne med på å slåst for meir pengar til vegbygging.

– Håpet mitt er knytt til statsbudsjettet, seier Ingrid Heggø.


– Skivebom av Bremer

– Dette er skivebom at Tor Bremer, seier leiar i Gloppen Ap, Ola Tarjei Kroken,

Han reagerer sterkt på Bremers utspel om å leggje ned flyplassen på Anda for å skaffe vegkroner til fylket.

– Ap gjekk til val på å oppretthalde fire flyplassar i fylket ved fjorårets val. Dessutan er det nedfesta i Soria Moria erklæringa, seier Kroken.

Han meiner det er lov å tenkje høgt i Ap, men ser at det ville vore ein klar fordel om Bremer hadde teke dette opp internt i partiet før han gjekk ut offentleg.