- Sp har fått god utteljing for vår politikk. Dei som har røysta Sp over heile landet har grunn til å gle seg over eit budsjett som har tydelege fotefar frå Senterpartiet. Vi får god utteljing for politikken vår som gir offensiv satsing på fellesskapet og felles verdiar i heile landet, seier Navarsete til NTB.

Sp-leiaren dreg fram auka investeringar og opprustning av skulebygg, vegar, jernbane, kyrkjer, samt auka støtte til reiseliv og næringsverksemd.

- Dessutan ei vidare satsing på velferd lokalt, ved at kommunane får heile 8,4 milliardar kroner meir til neste år, seier Navarsete.

Ho meiner også budsjettet er eigna til å dempe uroa kring den globale finanskrisa.

- Budsjettet har ei offensiv investeringslinje som kan motverke ei auka arbeidsløyse spesielt innan bygg og anlegg. Vi håpar på å bidra med ei mjukare landing, seier Navarsete. (©NTB)