– Tor Bremer sitt forslag om å leggje ned Sandane lufthamn er eit soloutspel, seier leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Aud Kari Steinsland.

– Saka har ikkje vore diskutert i partiet, verken i styret eller i andre organ. Bremer informerte meg søndag om at han ville gå ut med dette, men utspelet er i strid med det som står i våre program.

– Eg likar godt at folk tenkjer nye tankar, men skulle det vedtakast å leggje ned flyplassar, ville det vore viktig med gode prosessar, seier Aud Kari Steinsland.