75 millionar kroner er for 2009 sett av til prosjektet E39 Kvivsvegen. Prosjektet omfattar omlegging av E39 i ny trasé gjennom Kviven, med bygging av vel 17 kilometer ny veg frå Grodås i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane til Geitvika i Volda kommune i Møre og Romsdal og om lag 3 kilometer sidevegar og 1,5 kilometer gang- og sykkelveg.

I prosjektet inngår mellom anna ein tunnel på om lag 6,5 kilometer og tre korte tunnelar og to bruer.

Ferjefri veg
Prosjektet vil gi ferjefri stamveg mellom Nordfjord og Sunnmøre og knyte saman ein større bu- og arbeidsmarknadsregion. Samferdselsdepartementet legg til grunn at prosjektet skal fullfinansierast med statlege midlar.

Det er lagt opp til anleggsstart i løpet av 2008 ved at ein startar bygging av vegen fram til den lange tunnelen og ved at ein sprengjer ut forskjeringane. Hovudarbeida på anlegget tar til sommaren 2009, og prosjektet skal etter planen opnast for trafikk i 2012, same år som Dalsfjordbrua skal opne om alt går etter planen.

Av dei midlane som er foreslåtte for 2009 er 23 millionar kroner forskott frå Kvivsvegen AS, og staten skal seinare betale forskott tilbake til selskapet. Kostnadsoverslaget er på 1.088 millionar kroner.