Den nominelle veksten i dei frie inntektene i kommunesektoren i Sogn og Fjordane frå 2008-2009 er rekna til 8,4 prosent. Dette er høgare enn for heile landet der veksten er 6,3 prosent, ifølgje Finansdepartementet.

Dei frie inntektene kan kommunane nytte fritt, til dømes å betale gjeld, finansiere skule, barnehage og eldreomsorg.


18 av 26 kjem betre ut

I Sogn og Fjordane har 18 av 26 kommuner vekst som er høgare eller lik veksten på landsbasis. Størst vekst har Lærdal kommune med 12,1 prosent, medan Balestrand kommune har lågast vekst med 4,6 prosent.

Den sterke veksten for Lærdal kommune skuldast først og fremst endringar i småkommunetilskotet. Den svake veksten for Balestrand kommune skuldast i all hovedsak at kommunen taper på endringar i kriteriedata, og på omlegginga av skatteelementa i inntektssystemet.

Netto driftsresultat viser kva kommunane og fylkeskommunen sit att med av driftsinntekter når alle driftsutgifter inkludert netto renteutgifter og låneavdrag er trekt frå. Netto driftsresultat kan anten brukast til finansiering av investeringar eller avsetjast til seinare bruk.


Må betale gjeld

Netto lånegjeld viser kommunane og fylkeskommunen si langsiktige gjeld. Det er desse tala som best gjev best uttrykk for den gjelda som må dekkast av dei ordinære inntektene i kommunane.

Kommunane i Sogn og Fjordane hadde i gjennomsnitt 43 504 kroner per innbyggjar i netto lånegjeld i 2007. Landsgjennomsnittet (eksklusive Oslo) var 29 869 kroner per innbyggjar.


Større auke for fylkeskommunen

Det vert rekna at Sogn og Fjordane fylkeskommune får ein nominell vekst i dei frie inntektene på 9,2 prosent (frå RNB-nivå 2008) i 2009, som er 2,3 prosentpoeng høgare enn landsgjennomsnittet på 6,9 prosent.



Vekst i forhold til revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2008 til 2009

Kommune Anslag på frie inntekter 2009 (1000 kr) Nomin-elle kroner (1000 kr) Pros-ent Utgiftskorr. frie inntekter 2007 (i % av landsgj.snitt) Netto drifts-resultat i % av drifts-inntektene Netto låne-gjeld (kr. pr. innb.) Anslag på meirskatte-vekst 2008 etter RNB (i 2008-kr)
1 2 3 4 5 6 7
Askvoll 133 225 14 050 11,8 97 1,3 45 778 541
Aurland 74 300 4 243 6,1 115 8,4 24 518 302
69 510 3 047 4,6 113 -0,3 242
Bremanger 172 075 13 564 8,6 97 -73,1 61 836 690
Eid 198 484 18 828 10,5 92 1,6 34 488 1 038
Fjaler 125 603 10 977 9,6 100 3 37 124 501
Flora 396 665 30 234 8,3 97 -0,7 53 872 2 071 Førde 353 405 21 583 6,5 98 0,8 47 951 2 124
Gaular 113 769 7 172 6,7 101 4,8 41 171 487 Gloppen 224 164 18 660 9,1 93 -0,8 34 965 1 007
Gulen 115 792 8 907 8,3 104 -0,2 24 944 419
Hornindal 57 420 3 428 6,3 106 1,6 31 610 212
Hyllestad 71 257 5 528 8,4 106 -0,7 47 860 267
Høyanger 177 942 17 865 11,2 96 0,9 78 043 782
Jølster 118 620 9 337 8,5 99 -0,6 34 255 517
Leikanger 79 313 6 332 8,7 100 -2,4 45 369 394
Luster 196 426 14 604 8 98 5,1 39 678 860
Lærdal 92 886 10 045 12,1 102 2,6 56 566 388
Naustdal 107 150 7 217 7,2 100 4,4 37 287 471
Selje 118 665 10 220 9,4 98 1,2 50 018 507
Sogndal 219 214 16 346 8,1 95 4 33 081 1 228
Solund 49 849 3 081 6,6 123 4,4 54 626 157
Stryn 246 702 20 629 9,1 92 0,2 30 010 1 204
Vik 121 357 6 446 5,6 101 -33,1 40 490 500
Vågsøy 220 415 21 268 10,7 94 0,3 42 149 1 073
Årdal 201 895 11 503 6 103 0,3 42 795 1 062
Fordelast gjennom året 11 508 -1 471
Sogn og Fjordane 4067612 313643 8,4 98 -2,9 43 504 19 041
Sogn og Fjordane fylkes-kommune 1305255 110152 9,2 99 -0,3 6 083 2 178

Kolonne 1: Anslag på frie inntekter 2009, 1000 kroner
Kolonne 2: Vekst RNB-2008 til 2009, nominelle tal i 1000 kroner
Kolonne 3: Vekst RNB-2008 til 2009, nominell prosentvis vekst
Kolonne 7: Anslag på meirskattevekst i 2008 berekna ut frå fordelinga av skatteinntekter 2007. Tala er i 2008-kroner.