Tysdag kjem statsbudsjettet, men allereie no har Terje Lyngstad og Sogn og Fjordane teater fått gledeleg nyss om at teateret får ein million kroner meir enn venta.

– Ein million ekstra betyr mykje. Mellom anna at vi kan satse etter planane våre for 2009. Dette er ei svært god nyhende, seier teatersjef Terje Lyngstad.

Tok bladet frå munnen

– Regionteatera er viktige. Sogn og Fjordane Teater er særs viktig, både som kulturformidlar og nynorskformidlar. Teateret held til i eit fylke med store geografiske utfordringar, og eg ser på det som viktig at dei har økonomi til å halde fram med turneverksemda si, seier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp).

Vart overraska av Firda

Lyngstad var overraska då Firda måndag spurde om kommentar til ekstraløyvinga.

Teateret er finansiert slik at ei ekstraløyving frå staten også utløyser ekstra løyvingar frå fylkeskommunen som eig 22,5 prosent, og frå Førde kommune som eig 7,5 prosent.

– Totalt betyr det om lag 1,3 millionar meir en i fjor. Det er eg hoppande glad for, seier Lyngstad.