Fylkesvaraordførar Tor Bremer tok i gårsdagens Firda til orde for å leggje ned flyplassen på Anda og overføre sparte midlar til opprusting av vegnettet.

No får han støtte frå stortingsrepresentant for Frp, Åge Starheim.

Vil leggje ned Førde

– Viss Ap vil jobbe for kompensasjons-ordningar for å leggje ned flyplassar, har partiet vår fulle støtte, seier Starheim.

Men der fylkesvaraordførar Tor Bremer frå Ap nøyer seg med å leggje ned Sandane lufthamn på Anda, vil Starheim også ta med Førde lufthamn Bringeland.

«Modig av Bremer»

– Utspelet frå Bremer er modig og interessant, og eg reknar med at han har partiet i ryggen. For han tek til orde for ei kompensasjonsordning der midlar spart i drift og investering av flyplassar, skal kunne nyttast til opprusting av vegnettet, seier Starheim.

Viss Ap vil jobbe for slike løysingar, får partiet heilhjarta støtte frå Frp, lovar han.

Må sjå samferdsle i heilskap

– For det er viktig å sjå infrastrukturen for samferdsle i heilskap. Og kan vi få overført sparte midlar frå opprusting av flyplassar, vil det gje viktig bidrag til opprusting både av strekninga Måløy–Florø og bompengefri opprusting av E39 gjennom distriktet, seier Starheim.