Det planlagde nybygget på meieritomta i Førde er igjen i det blå. I statsbudsjettet ligg det ingen pengar til ei slik investering.
– Utruleg skuffande. Vi har venta så lenge. I år var eg sikker på at vi skulle komme med, seier Karen Marie Hjelmeseter (Sp), styreleiar for Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
Håpar på spelemidlar
Både fylkestinget og Førde kommune har gjort vedtak om å investere til saman 41 millionar kroner i nybygget, som skal bli eit kunstmuseum for heile fylket. Fylket har søkt om 35 millionar kroner frå staten, men i statsbudsjettet er det ikkje sett av ei krone.
– Vi har lagt grunnlaget lokalt for det nye museet, og hadde signal om at når alle formalitetar var på plass her, skulle det gå i boks. Men slik vart det altså ikkje, seier Hjelmeseter.
– Korleis ser du på sjansane til eit nytt kunstmuseum i fylket no?
– Håpet ligg i spelemidlane, som blir delt ut seinare i haust. Der har vi sjanse til ei løyving på 25 millionar. Men då må vi jobbe for å få på plass dei siste ti, seier Hjelmeseter.
– Men vi gir ikkje opp. Eit nytt kunstmuseum vil bli eit fyrtårn for heile fylket.
Ti millionar ekstra til kultur
Likevel får både kunstmuseet og folkemusea i Sogn og Fjordane eit solid løft, med fem millionar ekstra til drift. Den totale kulturpotten aukar med nesten ti millionar.
– Auken på fem millionar til museumsdrift var noko vi hadde venta. Det var ein lovnad vi fekk i samband med konsolideringsprosessen vi er i gang med. Men vi har grunn til å vere godt nøgd med dette, seier fylkesdirektør for kultur, Ingebjørg Erikstad.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, De Heibergske samlingar, Sogn Folkemuseum og Sunnfjord Museum har alle vedteke å vere med i samanslåinga, medan Nordfjord Folkemuseum førebels ikkje har teke nokon avgjerd.
Meir til kunstnarsenteret
Som tidlegare kjend, får både Sogn og Fjordane Teater og Førdefestivalen eit løft, på høvesvis ein million og 800 000. Opera Nordfjord får ein halv million i auke, medan Bokbyen i Fjærland er løyvd hundre tusen ekstra for 2009.
Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen får 1,7 millionar ekstra over statsbudsjettet. Mykje av dette er kompensasjon for bortfall av midlar frå Nordisk ministerråd.
Her postane som gjeld kultur i Sogn og Fjordane i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2009:
Tiltak | Vedtak | Endring | Endring | Forslag |
Bokbyen i Fjærland | 213 000 | 100 000 | 46,9 | 313 000 |
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum | 4 838 000 | 213 000 | 4,4 | 5 051 000 |
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival | 3 228 000 | 772 000 | 23,9 | 4 000 000 |
Kystmuseet i Sogn og Fjordane | 2 835 000 | 125 000 | 4,4 | 2 960 000 |
Nordfjord Folkemuseum | 2 258 000 | 99 000 | 4,4 | 2 357 000 |
Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen (NKD) | 948 000 | 1 681 000 | 177,3 | 2 629 000 |
Opera Nordfjord | 1 891 000 | 500 000 | 26,4 | 2 391 000 |
Sogn og Fjordane - museumskonsolidering | 5 000 000 | 5 000 000 | ||
Sogn og Fjordane Kunstmuseum | 2 876 000 | 127 000 | 4,4 | 3 003 000 |
Sogn og Fjordane Teater LL | 13 261 000 | 1 000 000 | 7,5 | 14 261 000 |
Sunnfjord Museum | 1 561 000 | 69 000 | 4,4 | 1 630 000 |
Sogn og Fjordane | 33 909 000 | 9 686 000 | 28,6 | 43 595 000 |