Det planlagde Sentralbygget på Foss får ikkje ei krone på Statsbudsjettet for 2009.

Optimistar

Men likevel er det optimisme å spore i Sogndal, for ei formulering i budsjettet til Kunnskapsdepartementet gjer det klart at bygget er høgt prioritert i statsbudsjettet for 2010.

I statsbudsjettet heiter det: «Statsbygg har utarbeidd eit forprosjekt for eit nytt sentralbygg for Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal. Departementet vil jobbe vidare med dette høgt prioriterte prosjektet».

325 millionar

På førre statsbudsjett var sentralbygget, ikkje nemnt i det heile tatt.

Sentralbygget i Sogndal skal knyte saman Fosshaugane Campus og Høgskulebygget på Foss. Bygget er kostnadsberekna til 325 millionar kroner

Ekstra stipendiatstilling

Høgskulen i Sogn og Fjordane har også fått midlar til ei ekstra stipendiatstilling over Statsbudsjettet. Det er ei stilling mindre enn høgskulen hadde håpa på.