Helse Vest får 400 millionar for å rette opp skeivfordelingane mellom helseregionane, melder Bergensavisen .

Skal rette opp skeivfordelinga

Om nokre timar leggjast statsbudsjettet fram, og for Helse Førde er pengepotten gode nyhende.

– Skeivfordelinga mellom helseregionane skal rettast opp, truleg innan 2010, seier medlem av helse- og omsorgskomiteen Dag Ole Teigen (Ap) til Bergensavisen.

400 millionar

– Magnussen-utvalets innstilling er følgt hundre prosent, seier han.

I staden for at skeivfordelinga blir retta opp ved å ta frå det eine foretaket og gi til det andre, skal skeivfordelinga rettast opp med friske midler, fortel Teigen.

– Eg trur at summen til Helse Vest blir rundt 400 millionar kroner, seier Dag Ole Teigen.

Slit tungt

Dette vil vere gode nyhende for Helse Førde som slit tungt økonomisk. Føretaket vil truleg gå med eit underskot på nærare 120 millionar kroner. Dei treng alle kronene dei kan få for å betre den vanskelege situasjonen.

– Ei betring er eg sikker på vi vil få, men kor mykje som vert sett av til oss veit eg ikkje, sa Clara Øberg, styreleiar i Helse Førde, til NRK Sogn og Fjordane timar før statsbudsjettet blir lagt fram.