— Halleluja, utbraut leiar for Aksjon Dalsfjordbrua, Rolf Kleiven, då regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2009 vart lagt fram klokka 10.

— Tre generasjonars kamp er kruna med siger, sa Kleiven, med tårer i augene.

Kostar 1 milliard
Regjeringa har i sitt framlegg til statsbudsjett for 2009 sett av midlar til prosjektering og kjøp av grunn for andre del av fastlandssambandet til Ytre Bremanger (riksveg 616 Langesjø – Kolset) og riksveg 609 Dalsfjordsambandet. Det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS2) av prosjekta.

Førebels er kostnadane rekna til omlag ein halv millard kroner for Bremangersambandet og vel 1 milliard kroner for Dalsfjordsambandet, inkluder rassikring av riksveg 57.


Fest i Fjaler
Fjaler-ordførar Arve Helle seier at brua er svært viktig for regionen, og seier han er veldig takknemlig for arbeidet aksjonsgruppa har lagt ned, og for HAFS-kommunane som har stått last og brast om denne saka.

Starten på arbeidet med brua blir i 2009, og om alt går etter planen og Stortinget går med på regjeringa sitt framlegg, kan den første bilen køyre over brua i 2012.


Full statsfinansiering
I budsjettframlegget står det at Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget når den eksterne kvalitetssikringa av prosjekta er gjennomført. Departementet legg til grunn at Bremangersambandet og Dalsfjordsambandet vil inngå i det framtidige regionale vegnettet etter forvaltningsreformen og at fylkeskommunen blir ansvarleg for finansiering frå 2010.

I dei finansieringsplanane som no ligg føre er det lagt til grunn fullfinansiering med statlege midlar, medrekna alternativ bruk av ferjetilskott.