- Vi vil støtte opp under arbeidet med å gjera Førde Internasjonale Folkemusikkfestival til ein viktig arena i Norden for oppleving av tradisjonsmusikk frå heile verda, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske i ei pressemelding.

- Dette er strålande. Vi har ikkje venta det, men vi har håpa på det, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

- Auken er kjempeflott. Vi føler at departementet har sett arbeidet vi gjer, og at vi lagar ganske mykje festival for dei pengane vi har fått før.

Utløyser endå meir
Førdefestivalen var inne på statsbudsjettet frå før med omlag 2 millionar kroner. No vert løyvinga auka til 2,6 millionar. Sidan festivalen også er knutepunktfestival, så har fylket og kommunane forplikta seg til å bidra med ytterlegare 40 % i forhold til det Staten gjev. Dermed vert det reelle auken på kring 1 million kroner.

Festivalen hadde eit budsjett for 2006 på kring 7,2 millionar kroner.

Skaffar dei beste
- Korleis skal den auka løyvinga brukast?

- Det er tre ting vi har på topp i planane våre, i forhold til den eventuelle ekstraløyvinga som vi no ser ut til å få. Det første er å sikre den musikalske kvaliteten ved å ha råd til hente inn dei beste musikarane internasjonalt, i ein marknad der det vert stadig høgare krav til honorar og standard på reise og opphald, seier Bjørkum.

Det andre festivalen ønskjer å gjere, er å lage nye produksjonar i skjeringspunktet mellom scenekunst, dans og folkemusikk, tilsvarande oppsetjinga "Den vesle prinsen" i 2006.
- Slike samarbeidsprosjekt er fruktbare, men dyre, seier Bjørkum.

Betre marknadsføring
Festivaldirektøren seier dei også vil bli bruke meir ressursar på marknadsføring:

- Når det gjeld mangfaldet er festivalen stor nok. Vi vil heller jobbe meir for å fylle opp i salane, seier Bjørkum, som skal feire ekstraløyvinga med medabeidarar på festivalpub i Førde i kveld.