I forslaget til statsbudsjettet, ligg Florø inne med redningshelikopterbase.
Vil betre beredskapen
Om forslaget går igjennom, får kystbyen ein redningshelikopterbase med døgnkontinuerleg vakt med lege.
Regjeringa vil betre beredskapen for redningshelikopter på Nord-Vestlandet og difor vil dei i statsbudsjettet auke satsinga på dette feltet.
Forsvaret har ansvaret for drifta
Justisdepartementet skal ta seg av utgiftene i samband med den auka satsinga. Det er Forsvaret som har ansvaret for den daglege drifta, slik det er ved andre redningsbasar.