Regjeringa gjer i statsbudsjettet framlegg om 30 millionar kronar til E39 Torvund – Teigen i Høyanger kommune.

Anleggsarbeidet skal ta til hausten 2009, og prosjektet skal etter planen opnast for trafikk i 2012. Prosjektet omfattar ei om lag 5,5 kilometer lang strekning.

2,6 km tunnel
Om lag 2,6 kilometer av den nye vegen skal leggjast i tunnel. Bygging av gang- og sykkelveg, tilpassing til lokalvegsystemet og fire mindre bruer inngår også i prosjektet.

Kortare veg
Den nye vegen vil føre til ei innkorting av E39 med 0,9 kilometer. Førebels kostnadsoverslag er 370 millionar kroner.