– Det er godt meint av Tor Bremer, men det let seg ikkje gjere å flytte pengar frå fly til veg, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete som svar på Tor Bremer (Ap) sitt framlegg om å leggje ned Sandane lufthamn på Anda og bruke pengane på Kystvegen.
– Avinor er eit eige selskap som har ansvar for sin eigen økonomi. Vi kan ikkje påleggje dei å bruke pengane sine på veg. Vi har hatt ei liknande sak ein annan stad i landet der dei ville leggje ned ein flyplass og bruke pengane på ei bru. Det gjekk ikkje. Det er mellom anna store juridiske hindringar for dette, seier Navarsete.
– Ikkje samanliknbart
Ho ser at det kan vere naturleg i første omgang å samanlikne med bruk av ferjeavløysingsmidlar, men seier det blir ei heilt anna sak.
– Midlane som blir brukt til ferjer er ein del av vegmidlane. Slik sett blir pengane flytta innanfor same budsjettet, seier Navarsete.
Ho legg til at regjeringa i Soria Moria-erklæringa har sagt at dei skal oppretthalde kortbanenettet så lenge det er ønske om det lokalt.
– Det er slik at om det skulle komme lokale ønskje om å leggje ned til dømes Sandane lufthamn, så vil Avinor bruke pengane dei sparar andre stader i landet, seier Navarsete til Firda.
Bremer står på sitt
Fylkesvaraordførar Tor Bremer slår seg ikkje til ro med svaret frå samferdsleministeren:
– No handlar det ikkje om å drive høgtlesing om formalitetar omkring forholda til aksjeselskapa, seier Bremer og viser til at norske styresmakter har ei lang historie med å finne gode og hensiktsmessige løysingar i forhold til statlege selskap.
Han brukar Narvik som døme (sjå faktaboks). Ei tilsvarande løysing meiner Bremer kan nyttast på Sandane lufthamn:
– Prinsippet går på kva dialog styresmaktene har med dei statlege selskapa for å finne gode løysingar. Om nokon ringjer Avinor og spør er eg sikker på at dei blir glade for framlegget, seier Bremer til firda.no.
– Nordfjordingane brukar Hovden
Midlane Bremer siktar til er prislappen på den planlagde oppgraderinga og utvidinga av flyplassen, dei årlege statlege rutekjøpa og underskota. Til saman kan dette utgjere fleire hundre milionar kroner, som Bremer ønskjer kan nyttast på vegsambanda slik at det blir lettare å reise til dei andre flyplassane i nord og sør.
– Når Kvivsvegen er på plass vil mange i Nordfjord får betre samband til Hovden flyplass på Sunnmøre enn dei i dag har til Anda. Brukargrunnlaget for Anda forsvinn når nordfjordingane i staden kan bruke Hovden. Det er berre 45 til 50 minutt frå Stryn sentrum til Hovden, seier Bremer.
Han seier også at med ei betring av av vegsambandet ved kysten vil endå fleire nordfjordingar kunne reise sørover for å nytte Florø lufthamn.
– Dermed vil også behovet for rutekjøp ved Florø lufthamn bli mindre, seier Bremer.
Tek saka til fylkestinget
Han tolkar regjeringserklæringa slik at dersom fylkestinget gjev aksept for at midlane frå Anda blir omfordelt til veg i staden, så er det realistisk at Staten og Avinor vil gå med på ei slik løysing.
Tor Bremer meiner Avinor ser fram til å i staden kunne fylle opp seta på dei andre flyplassane. Han vil sjølv jobbe for at Sogn og Fjordane fylkesting skal verte samde om ei slik løysing.
Bremer sitt framlegg møter motbør også frå andre hald:
Les innlegget til Freddy Brakestad frå Breim på Fjordaglimt.