– Endringa i arveavgifta er berre eit av fleire eksempel på at den raudgrøne regjeringa ikkje treff i sin skatte- og avgiftspolitikk. Dei ynskjer å lage eit opplegg som skal ramme dei rikaste av dei rike, men lagar i staden eit skatte- og avgiftsregime som rammar små- og mellomstore bedrifter, til dømes familieeigde hotellbedrifter i distrikta, særleg hardt, seier Sigurd Kvikne til HRRnett. Familien hans har eigd og drive Kviknes Hotel i fem generasjonar sidan 1877.

Sigurd Kvikne meiner at dei nye arveavgiftsreglane kan verte ein trussel mot familiehotella:

– Det særskilte med dei familieeigde hotella er at det har vore investert gjennom generasjonar for å kunne tilby det produktet dei har i dag, og overskota har blitt køyrt inn att i hotellverksemdene framfor at eigar har teke desse verdiane ut. Eit generasjonsskifte er for dei fleste familiehotella ei økonomisk utfordring, og vil med dei nye reglane nær sagt bli umogleg, seier Kvikne.

– Når ein så i tillegg har fått ei skjerping av formueskatten som gjer at stadig fleire må tappe bedriftene for midlar for å kunne betale den, viser dette heilt klart ei svært sterk skjerping av skattlegginga av små- og mellomstore bedrifter, bedrifter som ofte driv med små økonomiske marginar. Arbeidande kapital bør ikkje skattleggast, og det må heller ikkje vere slik at ein risikerer konkurs om ein vel å gjennomføre eit generasjonskifte.