Mest går til Kjøsnesfjorden
I følgje regjeringa.no er det innanfor rassikringsmidlane på 138,5 millionar kroner sett av 102 millionar kroner til å vidareføre rassikringa av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrovi – Stølneset). Ein ventar at prosjektet kan opnast for trafikk i november 2009.

Fatlaberget fullfinansiert
I tillegg skal rassikringsprosjektet riksveg 55 Fatlaberget fullfinansierast. Dette prosjektet blir opna for trafikk i desember 2008, og for neste år er det lagt opp til å bruke 37 millionar kroner til prosjektet, medrekna 15 millionar kroner i bompengar.

Gullringen held fram
For å føre vidare arbeidet med rassikringsprosjektet riksveg 55 Gullringen i Luster kommune er det lagt til grunn å bruke 82 millionar kroner i forskottsmidlar.

Sikring mellom Øvre og Tangen
37 millionar kroner er sett av til rassikringsprosjektet riksveg 55 Naustbukttunnelen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen, som er venta opna for trafikk i juni 2009. 23 millionar kroner av beløpet vil bli dekt ved forskott.