I framlegget til statsbudsjett får Førde Internasjonale Folkemusikkfestival nærare 600.000 kroner i auke, medan Sogn og Fjordane Teater får ein auke på 900.000 kroner.
Bokbyen i Fjærland får 100.000 kroner i auke, De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum får ein auke på 600.000 kroner, og auken for Sogn og Fjordane kunstmuseum blir 300.000 kroner.
Dei øvrige musea i fylket har fått ein føreselegen auke på mellom 100.000 og 200.000 kroner.
Auke totalt på 3,2 mill.
Framlegget til statsbudsjett for 2007 inneber ein auke til ulike kulturtilbod i Sogn og Fjordane med 3,2 millionar kroner.
- Kulturløftet betyr at vi satsar på kultur i Sogn og Fjordane. Det skal koma alle til gode, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske i ei pressemelding.
Mange ulike ordningar under Kulturrådet vil også koma Sogn og Fjordane til gode, i følgje pressemeldinga frå departementet. Festivalstøtte, ensemblestøtte, korsatsing, korpsstøtte og rockesatsinga er tiltak som skal fordelast over heile landet.
Slik er fordelinga: