I byrjinga av november gjekk Teater Vestland ut og fortvilte over at to millionar kroner, som dei var lova, ikkje låg inne i forslag til statsbudsjett 2023.

Som følge av at teateret skal inn i Nynorskhuset, fekk dei auka tilskot i både 2020 og i 2021 til ulike kostnader knytt til dette. I 2022 fekk dei ikkje noko ekstra, men det gjekk ifølge teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt fint, så lenge den siste løyvinga kom i 2023.

Men det gjorde den altså ikkje, då statsbudsjettet vart lagt fram 6. oktober.

Tysdag kveld opplyser Torbjørn Vereide i Arbeidarpartiet og Erling Sande i Senterpartiet at teateret likevel får desse pengane. Dette er klart etter at regjeringa og SV tidlegare i dag vart samde om neste års statsbudsjett.

– Vestland kom enormt godt ut av forhandlingane mellom Ap, Sp og SV. Eg er så fornøgd med at Teater Vestland fekk pengar slik at dei både kan bruke det nye huset sitt, samtidig som dei kan drive turnéverksemd. Det er litt jubelstemning på kontoret no, seier Stian Jean Opedal Davies, leiar for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkesting.