Blant dei som kom sist og vekka oppsikt onsdag kveld, var forslaget om å innføre ei ny eingongsavgift på dei tyngste elbilane. Den nye avgifta skal reknast ut ifrå bilens vekt, skriv Aftenposten.

Det kan utgjere prispåslag på mellom 7.000 kroner for dei lettaste og 70.000 kroner for de tyngste elbilane, melder TV 2.

Framstegspartiets parlamentariske leiar Hans Andreas Limi peiker på at Tesla-bilane er «store, tunge bilar som slit på vegen». Bellona-leiar Frederic Hauge meinte argumentet ikkje held vatn så lenge regjeringa samtidig har gitt avgiftslettar til hybridbilar, også SUV-ar.

Regjeringa gjer etter det NRK erfarer ingen endringar i drivstoffavgifta i forslaget til statsbudsjett. Avgifta blir utelukkande prisjustert.

– I staden for å premiere det som er bra, gjer regjeringa det motsette. Dette forslaget til statsbudsjett er i ferd med å bli ein miljøparodi, sa Hauge til NTB.

Saka held fram under faktaboksen

Dette er lekkasjane

Regjeringa foreslår ei reell auke på 84,5 millioner kroner til Sjøforsvaret. (Dagbladet)

* Drygt 2,7 milliardar til eit nytt klinikkbygg på Radiumhospitalet i Oslo. (Høie/Jensen 29.08)

* Utvide låneordninga for kjøp av skip frå norske verft når desse skal brukast i Norge. Låne- og garantiramme på 10 milliardar i 2018. (Mæland 29.08)

* Løyvingane til tarmscreeningsprogrammet blir auka med 18 til 62,8 millionar kroner. Programmet skal innførast over heile landet frå 2019. (Høie 06.09)

* 87 millionar til sikring av Forsvarets bygningar samt til infrastruktur som fiberkablar. (Søreide/Jensen 05.09)

* 30 millionar til innovasjonsprogrammet «DemoHav» for å støtte nye prosjekt i marine og maritime bedrifter. (Solberg 03.09)

* Støtta til skogvern, det såkalla regnskogfondet, blir auka med 42 millionar til 3 milliardar. (Helgesen 08.09)

* 9,4 millionar skal settast av for å kompensere løn til personar som tenestegjer i Sivilforsvaret. (Nettavisen)

* 21,3 millionar til nye studieplassar innan IT og garanti for 500 nye IT-studieplassar over fire år, til ein samla kostnad av 145 millionar. (Khrono)

* Kommunane får 300 millionar kroner til tidleg innsats i skule og barnehage. 100 millionar av dette er øyremerka ulike ordningar og satsingsfelt, mens 200 millionar er frie inntekter. (Dagbladet)

* Nav-ordninga Individuell jobbstøtte (IPS) som skal hjelpe folk med psykiske problem i jobb, skal gjerast varig, og blir dobla frå 100 til 200 millionar kroner. (Nettavisen)

* Dei siste åra er det løyvd 9 milliardar kroner til dei delane av landet som var hardast ramma av oljekrisa. Løyvingane blir ikkje vidareført i budsjettet for 2018. (E24)

* Regjeringa kjem til å sende eit forslag om dobbelt statsborgarskap ut på høyring i haust. (NRK)

* Regjeringa vil innføre ei ny eingongsavgift på dei aller tyngste elbilane. Det kjem i hovudsak til å gå ut over elbilane frå produsenten Tesla. (Aftenposten) Dei andre insentivene for elbilar blir vidareført. (TV 2)

* Regjeringa innfører ein aksjerabatt i formuesskatten som fører til at eigarar berre skal betale formuesskatt for 80 prosent av aksjanes reelle verdi. Inntektstapet er berekna til 700 millionar kroner. Grepet er ein del av skatteforliket frå 2016. (VG)

* Regjeringa foreslår å styrke støtta til religiøse minoritetar med nye 30 millionar kroner til i alt 78 millionar kroner. (Vårt Land).

* Ei pakke for yrkesfag på 65 millionar kroner (Steffensen 11.10)

* Regjeringa foreslår å fjerne skatteklasse 2. Etter det NRK forstår, gjer regjeringa dette for å fremme integrering. Klasse 2 gir gunstigare skattlegging for ektepar der den eine parten har låg inntekt.

 

Ifølge rikskringkastaren vil regjeringa også foreslå å fjerne skatteklasse 2. Etter det NRK forstår gjer regjeringa dette for å fremme integrering. Klasse 2 gir gunstigare skattlegging for ektepar der den eine parten har låg inntekt.

Skattelette for aksjeeigarar

Regjeringa vil foreslå at aksjeeigarar berre skal betale formuesskatt for 80 prosent av aksjanes reelle verdi. Ifølge VG har regjeringa berekna inntektstapet ved endringa til 700 millionar kroner.

I forslaget til statsbudsjett vil det bli presentert ei pakke for yrkesfag på 65 millionar kroner.

– Vi veit at vi vil ha eit stort behov for folk med yrkesfagutdanning i åra som kjem, både innan bygg, anlegg, helse og industri. Då er det viktig at vi aukar kvaliteten og sikrar rekruttering, seier leiar av utdannings- og forskingskomiteen Roy Steffensen (Frp) til NTB.

Regjeringa foreslår å styrke støtta til religiøse minoritetar med nye 30 millionar kroner.

– 70 prosent av verdas befolkning lever i land der tros- og livssynsfridom er avgrensa. Derfor vil vi halde fram styrkinga av arbeidet med tros- og livssynsfridom til beste for religiøse minoritetar, seier utanriksminister Børge Brende (H) til Vårt Land.

Bremsar oljepengebruken

Finansminister Siv Jensen (Frp) kjem til Stortinget med eit budsjett kor store summar er bunde opp til forsvar, samferdsel og sjukehus. Samtidig bremsar ho ned oljepengebruken.

Budsjettet ber preg av at det går betre for norsk økonomi. Arbeidsløysa er lågare, sysselsettingsgraden aukar.

– Det gir oss handlingsrom, men vi må prioritere hardare enn vi har gjort før. Når pilene peiker i riktig retning, må vi gi mindre gass. Det er avgjerande ikkje å svekke konkurranseevna til bedriftane, seier Jensen til NTB.

Statsminister Erna Solberg (H) sa nyleg til Aftenposten at oljepengebruken vil ligge i underkant av 3 prosent av avkastninga av oljefondet. Krisepakkene til kommunar på Sør- og Vestlandet er borte, ifølge E24.

Fakta om statsbudsjettet 2018

Blir lagt fram av finansminister Siv Jensen (Frp) torsdag 12. oktober klokka 10.

Nytt av året er at Finansdepartementet allereie klokka 8 vil publisere utvalte nøkkeltal. Dette for å gi tilgang til makroøkonomiske tal som kan vere marknadssensitive.

Statsbudsjettet tek for seg statens utgifter og anslåtte inntekter i eit kalenderår. Det fastset også satsane for innkreving av skattar og avgifter. Det blir samtidig lagt fram eit nasjonalbudsjett, som er ei mengde anslag for heile den økonomiske utviklinga og er styrande for rammene i statens eiget budsjett.

I forslaget til statsbudsjett for 2017 la regjeringa opp til å bruke 1.301,1 milliardar kroner, kor 225,6 milliardar kroner er frå oljefondets avkastning.

Finansminister Siv Jensen og statsminister Erna Solberg (H) har varsla at dei i 2018 vil foreslå å bruke noko mindre oljepengar, og at dei vil bruke mindre enn 3 prosent av oljefondet, i tråd med handlingsregelen. Regjeringa er avhengig av støtte frå Venstre og KrF for å få budsjettet gjennom i Stortinget. Dei fire borgarlege partia vil starte sine budsjettforhandlingar i begynnelsen av november.