Skatt:

Ektepar der den eine forsørger den andre, ser ut til å bli dei store taparane i statsbudsjettet for neste år. Regjeringa vil fjerne skatteklasse 2, som gir høgare personfrådrag og gunstigare skattlegging for ektepar der den eine parten har låg eller ingen inntekt.

Ifølge skatteforliket frå 2016 skal skatt på alminneleg inntekt reduserast ytterlegare i 2018, frå 24 til 23 prosent. Det betyr sparte skattekroner for dei fleste.

Regjeringa legg ikkje opp til kutt i eigedomsskatten, men vil innskrenke kommunane sin moglegheit til å innføre eller auke skatten.

Høgare moms:

Sparte skattekroner kan derimot forsvinne i høgare moms. Regjeringa vil auke den lågaste momssatsen frå 10 til 12 prosent. Det vil auke prisen på blant anna persontransport, overnatting, kringkastingsavgift, samt tilgjenge til kino, museum, fornøyelsesparkar og idrettsarrangement.

Aksjerabatt:

Vinnarane i statsbudsjettet er aksjespararane med høg formue. Regjeringa legg opp til at aksjeeigarar berre skal måtte betale formuesskatt for 80 prosent av aksjanes reelle verdi. Det betyr ein skatterabatt på 20 prosent for dei som er i posisjon til å betale formuesskatt. Regjeringa forslår ein slik «aksjerabatt» for å få fleire til å spare i aksjar heller enn i bustad og slik bidra til vekst i økonomien.

Ifølge skatteforliket frå 2016 skal også såkalla arbeidande kapital, det vil si aksjar og driftsmiddel, verdifastsettast til 80 prosent. Halvparten av dette skattekuttet, 10 prosent, blei innført i fjor.

Elbilar blir dyrare: 

Eingongsavgift blir foreslått innført i 2018. Avgifta vil særleg ramme tyngre elbilar som Tesla, som kan få ein eingongsavgift opp mot 70.000 kroner, mens lettare elbilar får ein avgift på rundt 7.000 kroner. De andre insentiva for elbilar, som gratis bompassering, blir vidareført.

Drivstoffavgift:

Ingen endringar, men avgifta blir prisjustert.

Saka oppdaterast.