Gå til sidens hovedinnhold

Stoppa fleire køyretøy med dårleg sikra last– ein blei politimeld

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Ni køyretøy hadde skriftlege manglar, og ein person vart meldt til politiet, då Statens vegvesen hadde kontroll på E39 Førde trafikkstasjon i går.

Føraren som vart meldt til politiet, køyrde med ein usikra container.

– Containeren kunne fort ha sklidd av, den var ikkje sikra med låsane som skal halde containeren fast, seier Svein Ove Salt ved Statens vegvesen.

Bruksforbod og avskilting

Tre fekk bruksforbod på grunn av manglande sikring av lasta deira, mens to andre fekk bruksforbod for manglar med transport av farleg gods.

– Då vi stogga ein av dei og han bremsa ned, fauk lasta ein halv meter framover. Det er ikkje godt nok sikra. Ein av dei som frakta farleg gods, hadde ikkje dei dokumenta ein skal ha, medan den andre ikkje hadde det nødvendige utstyret til å ta seg av ein eventuell lekkasje, seier Salt.

Eitt køyretøy vart avskilta fordi det ikkje var EU-kontrollert.

Gjekk greitt

Til saman kontrollerte Statens vegvesen rundt 50 køyretøy.

– Kontrollen gjekk generelt sett veldig greitt. Mange var flinke, køyrde opp på vekta, og fekk ein god tur vidare, seier Salt.