Storkontroll i natt: Ikkje alle fekk bilen med heim att

TRAFIKKKONTROLL: Illustrasjonsfoto/arkivfoto frå ein kontroll  på E39 i Halbrendslia over Førde.

TRAFIKKKONTROLL: Illustrasjonsfoto/arkivfoto frå ein kontroll på E39 i Halbrendslia over Førde. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TRAFIKKTRYGGLEIK: I ein kontroll ved Kjøs bru i Hornindal kommune fredag ettermiddag/kveld, fekk fire bilar køyreforbod og ein vart avskilta.

DEL

– I alt 56 køyrety vart vinka inn på kontrollplassen, og av dei kontrollerte vi 47. Nokre hadde graverande manglar, seier Ove Garlid som er inspektør i Statens vegvesen.

Kontrollen var retta mot lette køyrety, og vart utført i samarbeid med politiet som hadde mannskap ute i same området.

Ifølgje Garlid var det mest alvorlege tilhøvet eit køyrety som var senka mellom anna ved å kappe av fjører. I tillegg var det ulovlege dekk og felgar på bilen.

– Dette var ganske heftige saker, og bilen hadde ingen ting i trafikken å gjere. Køyretyet vart vurdert som så trafikkfarleg at politiet vart tilkalla. Bilføraren fekk førarkortet kverrsett, og køyretyet avskilta. Kva reaksjon bilføraren kan vente seg er opp til politiet, man han kan risikere å bli fotgjengar ei tid, slår Garlid fast.

Seks køyrety fekk skriftleg mangellapp, og fem bilførar fekk gebyr for å ikkje ha alt på stell. Mellom anna hadde dei ikkje med seg vognkort/førarkort, og ein bilførar fekk gebyr for å ha piggdekk på køyretyet.

Fire køyrety fekk bruksforbod. Manglande sikt, feil på dekk og senking av køyretyet, var grunnane til det.

– Ein bil fekk køyreforbod grunna ekstremt for store dekk og felgar, pluss at det var ulik dimensjon framme og bak. tillegg fekk to campingvogner køyreforbod grunna feil på bremsene.

Artikkeltags