Om lag 1.850 tilsette kan få nye arbeidsgivarar dersom alle som arbeider med fylkesvegane, blir flytta til fylkeskommunane. Det er foreslått at stillingane skal fordelast over heile landet, men plasseringa til kontora er opp til kvar fylkeskommune å bestemme, melder NRK.

Vegdirektoratet foreslår å lage seks nye divisjonar i Vegvesenet, blei det sagt på eit allmøte. Divisjonane skal ta over ein del av arbeidsoppgåvene som Vegdirektoratet har i dag.

– Statens vegvesen skal no bli ein meir effektiv organisasjon. Vi skal frå 2020 ikkje lenger administrere fylkesvegar, og vi skal samstundes fornye og effektivisere vår eigen organisasjon og oppgåveløysing, seier konstituert vegdirektør, Bjørne Grimsrud i ei pressemelding.

Leikanger blir regionalkontor

Leiinga i dei nye divisjonane skal sitje i Tromsø, Trondheim, Bergen, Arendal, Drammen og Moss. Her vil det bli om lag 25 tilsette på kvart kontor. I Molde, Bodø, Leikanger og på Lillehammer, der Statens vegvesen allereie har kontor, skal det opprettast regionale senter.

– Vi skal skape ein organisasjon tilpassa dei nye rammene, men samstundes bevare kompetansen i organisasjonen. Medan dagens struktur er basert på ein etat med over 7 000 tilsette, må den framtidige strukturen vere tilpassa eit Vegvesen på om lag 4 500 tilsette. Vår strategi er å redusere og slå saman lokasjonar som ligg geografisk nær kvarandre, og å utnytte dei stadane vi er på i dag, seier Grimsrud.

Kvar femte tilsette vil bli påverka av omorganiseringa. Ifølgje Vegdirektoratet har det vore mykje utryggleik kring organiseringa og kvar i landet arbeidsplassane skal plasserast. Det har dei merka ved at unormalt mange seier opp jobben i Statens vegvesen, og direktoratet meiner difor det er naudsynt med ei rask avgjerd frå regjeringa.

Slik vil dei organisere i Sogn og Fjordane:

  • Vegtrafikksentralen i Lærdal: Blir vidareført. Det same med det landsdekkande løyvekontoret.
  • Nordfjordeid trafikkstasjon: Køyretøyregistrering, rettigheitsbevis og hallkontroll for lette/tunge køyretøy.  Førarprøver MC blir lagt ned som følgje av lågt volum. Dette må i framtida gjerast i Førde.
  • Førde kontorstad: Skal halde fram, men får redusert areal som følgje av overføring av vegadmistrasjon til fylkeskommunen. Ved etablerting av ny sambruksstasjon på Moskog, bør det vurderast å legge all verksemda Vegvesenet har i Førde-området dit.
  • Førde trafikkstasjon: Sambruksstasjonen blir avvikla grunna utfordringar med reguleringsplan for området. Det skal etablerast eit kundesenter i sentrum med rettigheitsbevissaker og teoriprøvar. Ein skal også etablere ein sambruksstasjon ved Moskog for avvikling av førarprøver lette/tunge klassar, MC, forvaltningskontroll av lette/tunge køyretøy, køyretøyregistrering og utekontroll.Tilbodet om ADR-kontroll (farleg transport) blir avvikla grunna låg kapasitet og krav til spesialisering. Dette må i framtida gjerast i Bergen eller Ålesund.
  • Sogndal trafikkstasjon: Tilbodet om gjennomføring av førarprøver tunge klassar ved tungbil-linja på Kaupanger vil bli lagt ned. Årsaka er at trafikale tilhøve ikkje tilfredsstiller krav til førarprøve. Førarprøve på MC blir også lagt ned. Håbakken er føreslått som oppmøtestad for utekontrollen.