Statens vegvesen utset fristen for EU-kontroll

LEGG TIL RETTE: Statens vegvesen legg no til rette for alle som sit i karantene, eller av andre årsaker ikkje får hatt bilen på EU-kontroll.

LEGG TIL RETTE: Statens vegvesen legg no til rette for alle som sit i karantene, eller av andre årsaker ikkje får hatt bilen på EU-kontroll. Foto:

Dette for å minimere ulempene for dei som no sit i karantene grunna korona-viruset.

DEL

Dersom du skulle ha godkjend køyretøyet ditt i EU-kontroll i perioden frå 13. mars til 30. april, vil fristen bli utsett med to månader, melder Statens vegvesen.

– Vi er klar over at fleire er i karantene og bør halde seg heime. For å gjere dette så enkelt som mogleg for bileigarar der ute, har vi valt å gje alle som har frist frå no og ut april to månaders utsetjing, seier direktør Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen.

Dersom du allereie har hatt bilen inne til kontroll og fått ein såkalla 3-feil, vil du ikkje få utsett fristen. Årsaka er at bilen din då har trafikkfarlege feil og bruksforbod, opplyser Statens vegvesen.

Har du allereie hatt bilen din inne til kontroll og fått ein såkalla 3-feil, vil du ikkje få ny frist. Bilen din har då trafikkfarleg feil og bruksforbod.

Oppmodar likevel om å ta kontrollen no

Det er om lag 187 000 køyretøy som har godkjenningsfrist frå 13. mars og ut april.

– Vi risikerer at det kan bli ei opphoping og eit press på dei som skal godkjenne bilane om alle ventar. Så om du har høve til å få bilen din godkjend i vekene framover med dei forholdsreglane helsemyndigheitene har gjeve, er oppfordringa at du gjer det, seier Dreyer.

SPESIELL SITUASJON: Bodil Rønning Dreyer, direktør i Statens vegvesen, forventar at folk overheld reglar om trafikkfarlege køyretøy, trass i den utsette fristen

SPESIELL SITUASJON: Bodil Rønning Dreyer, direktør i Statens vegvesen, forventar at folk overheld reglar om trafikkfarlege køyretøy, trass i den utsette fristen Foto:

Kontrolldatoen set den nye fristen om to år

På nettsida opplyser Statens vegvesen også om at det er datoen for EU-kontrollen som set den nye fristen for godkjenning om to år. Dersom ein ventar med kontrollen, blir fristen då skyvd fram med to månader også neste gong. Dette gjeld også om ein får køyretøyet godkjent to månader før fristen for kontroll.

Du kan sjekke fristen for når bilen din må vere godkjend i EU-kontroll på Statens vegvesen sine nettsider.

Vil ikkje miste bilskilt under tiltaka

Bilar som ikkje er sende til EU-kontroll grunna dei nye tiltaka som no gjeld i landet, vil ikkje bli avskilta ved ein eventuell kontroll langs vegane. Likevel har du alltid plikt til å vurdere om køyretøyet er forsvarleg å køyre.

– Det er alltid ei fare for misbruk, men eg forventar at folk tek ansvar i den situasjonen vi er i no, seier Dreyer til Firda.

Artikkeltags