Statens vegvesen: – Køyr forsiktig i dag

Mildare temperaturar, vind og nedbør kan gi dårlege køyreforhold over fleire fjellovergangar. Laurdag ettermiddag er fleire fjellovergangar stengde.

DEL

– Eg anbefaler folk å styre unna Strynefjellet i dag, seier trafikkoperatør Ketil Molvær laurdag morgon.

Han peika då særskilt på Strynefjellet

– Det er ein del vind der og noko redusert sikt. Det er meldt meir snø, og det kan fort bli ruskete. Kolonnekøyring kan det bli, og i verste fall vert vegen stengt i løpet av dagen, seier han.

Han seier at ein også burde styre unna Hemsedalsfjellet og Aurland – Hol, då det kan vere krevjande køyreforhold.

Molvær oppmodar folk om å generelt køyre forsiktig i dag. Det er mykje slaps og vatn i vegbana elles i Sogn og Fjordane.

– Eg har nye vinterdekk på min bil, men merka fort at eg måtte ta det med ro. Så eg oppmodar folk til å køyre forsiktig i dag.

Slik er dei ferskaste vegmeldingane frå fjellovergangane laurdag ettermiddag. Desse er meldt klokka 17.04:

Ev 134 Haukelifjell: Kolonne

Rv 7 Hardangervidda: Stengt

Fv 50 Aurland - Hol: Stengt

Fv 53 Tyin - Årdal: Stengt

Rv 13 Vikafjellet: Kolonne pga uvær, kan bli stengt på kort varsel

E16 Filefjell: Åpen

Rv 52 Hemsedal: Åpen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken