Statens vegvesen: – Dette er for mykje

DEL

Måndag hadde Statens vegvesen kontrollar i Sogndalsområdet. Dei var i Sogndal, på Kaupanger og i Hafslo. Dei sjekka det meste, og det som gjekk igjen var manglar på lys på bilane. Sju køyretøy fekk mangellapp for tekniske manglar. Den eine bilen hadde så alvorlege lysmanglar at den fekk bruksforbod, og fekk derfor ikkje køyre vidare før mangelen var rette.

Fem utan bilbelte

Det som Statens vegvesen sjølv framhevar er bruk av bilbelte. Denne dagen skreiv ei ut gebyr til fem bilistar som ikkje brukte belte.

– Dette er for mykje. Det er viktig å tenke sikkerheit, og då er bruk av bilbelte viktig, skriv kontrollørane i merknadane sine.

Det vart også skrive ut to gebyr for ikkje å ha med seg førarkort.

Politimeld

Firmaet som eig ein varebil som vart stoppa i kontrollen vert politimeldt. Årsaka er at varebilen med tilhengar der samla tillate totalvekt var over 3500 kilo, ikkje hadde fartsskrivar i køyretøyet.

Dette køyretøyet fekk ikkje køyre vidare før fartsskrivaren var på plass.


Artikkeltags