Gå til sidens hovedinnhold

Staten skal bruke pengar på å rydde plast i Sogn og Fjordane

Artikkelen er over 2 år gammel

Eitt av dei 69 tiltaka som får støtte i denne runden, er Fjordkysten Friluftsråd sitt prosjekt Kyst og fjordrydding Sogn og Fjordane 2019.

– Det er gledeleg å sjå den store interessa og engasjementet kringom i landet for å bidra i kampen mot marin forsøpling. Miljødirektoratet har fått søknader frå heile landet, med mange gode idear og initiativ til å rydde opp. Vi har lagt vekt på å støtte prosjekt av god kvalitet og sikre ei geografisk spreiing i heile landet, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

I år har direktoratet spesielt sett etter prosjekt i område som er vanskeleg tilgjengelege, og som derfor blir rydda sjeldnare. Det forklarer også at det er fleire prosjekt lengst nord i landet, forklarer direktoratet.

Eitt prosjekt i Sogn og Fjordane

Totalt kom det inn 192 søknader med ein søknadssum på 290 millionar kroner. I denne runden er det valt ut 69 prosjekt, som til saman får 70 millionar kroner.

Eitt av dei er Fjordkysten Friluftsråd sitt prosjekt Kyst og fjordrydding Sogn og Fjordane 2019.

Les også

Slik såg det ut då Bjarte kom til den idylliske vika:– Kysten vår vert prylt like hardt som andre stader

Bjarte Engevik er fersk leiar for Fjordkysten Friluftsråd, som så langt omfattar kommunane Solund, Askvoll, Flora, Bremanger og Vågsøy. I desember fortalde han at det i 2018 vart rydda og samla inn 43 tonn marint søppel i Askvoll, Flora og Solund, ved hjelp av frivillige, organisasjonar og profesjonelle aktørar. Og det utan ekstra midlar frå Miljødirektoratet, slik ein har fått andre stadar på kysten.

No får også dei som held strendene, havet og fjordane i Sogn og Fjordane reine statlege midlar å hjelpe seg med.

Videoen nedanfor er frå Klubbevika, der Engevik fann store mengder plast og søppel i fjor:

Oppdaga store mengder kanner, mjølkekassar og trålposar i fjæresteinane.

Delta på ryddeaksjon

Miljødirektoratet har laga ei kartløysing der du kan registrere område som forsøpla. Du kan også registrere ryddeaksjonar, eller melde deg på ein aksjon som andre har starta. Sjå kartet under, eller sjå eit større kart ved å følge denne lenka.

Les også

På seks veker har dei plukka fire konteinarar med boss

Les også

Oppdrettsbåt tok oppdraget: Plukka opp storsekkar med avfall

Les også

Sofie og onkelen fann eit tonn søppel på lita øy

Kommentarer til denne saken