Staten og landbruket er samde i jordbruksoppgjeret

Oslo  20190516.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) saman med leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

Oslo 20190516. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) saman med leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag. Foto:

Av

Staten og bondeorganisasjonane er samde om det forenkla jordbruksoppgjeret. Bøndene får neste år ein auke i løyvinga på 350 millionar kroner.

DEL

– Eg er glad for at vi har, den vanskelege tida til trass, vorte samde om ein avtale som bidreg til å tryggje matproduksjon vår, og som vidarefører satsinga på landbruket i distrikta. Avtalen prioriterer område som kornproduksjonen, frukt og grønt, og samtidig styrkjer det klima- og miljøarbeidet. Det er eg godt fornøgd med, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i ei pressemelding.

350 millionar

I oppgjeret får bøndene ein auke i løyvinga på 350 millionar kroner for 2021.

I år har forhandlingane mellom Landbruks- og matdepartementet og bondeorganisasjonane Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag gått som eit forenkla jordbruksoppgjer, på grunn av koronasituasjonen. Det tyder at det ikkje finst eit ordinært grunnlagsmateriale med kostnads- og inntektsutvikling.

Dei hadde sett frist til torsdag med å bli samde om eit oppgjer.

Målet med forhandlingane i år har vore å bidra til føreseielege vilkår for næringa og mest mogleg stabilitet i matforsyningane.

Korn, frukt og grønt og poteter

Økonomien i produksjon av korn, frukt og grønt og poteter har vore prioritert i forhandlingane.

– Jordbruket er relativt lite rørt av den ekstraordinære situasjonen landet er i, samanlikna med andre næringar som opplever omfattande omsetnadsfall. Men matforsyning er ein samfunnsnødvendig funksjon. Målet med den inngåtte avtalen er å bidra til at matproduksjonen blir meir føreseieleg, seier Bollestad.

I snitt blir målprisane auka for råvarer med 1,75 prosent frå 1. juli i år. For grønsaker blir målprisane auka med 2 prosent, målprisen på gris blir auka med 1,46 kroner, målprisen på poteter blir auka med 13 øre, medan målprisen på norsk matkorn blir auka med 16,8 øre.

(©NPK)

Artikkeltags