Øystein Moldsvor, i Moldsvor Invest AS med base i Tiller, har starta sin eigen fjordaksjon. Medan Vevring og Førdefjorden miljøgruppe eig nettastaden fjordaksjonen.org, eig Moldsvor nettstaden fjordaksjonen.no.
Dei to nettstandane ser til forveksling like ut, men spreier to ulike bodskapar.
– Du kan kalle det eit stunt, for å sette ei anna meining på kartet, seier Moldsvor.
Speler på kjensler
Han meiner det trengst ein ny fjordaksjon, fordi dei som driv milljøgruppa baserer konklusjonane sine på kjensler framfor fakta. Hans eiga miljøgruppe er for berekrafig utvikling, og meiner at dei som er mot sjødeponi kan vere med på å øydelegge fjorden.
Kven er kven? Begge hevdar å vere best for fjorden.
– Den siviliasjonen vi lever i, er bygd på at vi har tatt kvalifiserte avgjerder. Vi har lært av våre feil og komme vidare med å bruke den beste kunnskapen. Miljøsynder skjer fordi vi ikkje brukar den beste kunnskapen, det er det som skjer om vi overlèt avgjerda til kjensler.
Moldsvor seier at dei legg stor vekt på å underbygge informasjonen på sida med fakta.
– Det paradoksale i denne saka er at mange av motstandarane ville vore nøgde med landdeponi, men eg har ein rapport frå miljødirektoratet som seier at sjødeponi er ei betre miljøløysing, fordi dei uønskte stoffa ikkje blir sleppt fri. Frå eit landdeponi vil dei vaskast ut i fjorden, slik som ved Titania. Vi ønsker også eit reint miljø, derfor meiner vi det trengst ein fjordaksjon for å demme opp mot feilinformasjonen frå fjordaksjonen.org
Småspararar
Moldsvor er sjølv ein liten investor i Nordic Mining, og han peikar på at eigarmassen i Nordic Mining stort sett består av småspararar.
– Ja, eg har investert litt, men om ein ser på aksjonærlista, så er den største aksjonæren Nordnett, og Skagenfondet den nest største. Det er småspararar og ikkje storkapitalen som må betale for at prosjektet blir forseinka, seier han.
Vidare meiner han at det er underleg at miljøvernarane og HI kjempar mot sjødeponiet, men ikkje uttalar seg om oppdrettsnæringane.
– Her kan du snakke om kapitalinteresser som blir rike, fordi dei slepp unna naudsynte tiltak. Eg meiner det må stillast strenge miljøkrav til gruvedrift, det er viktig å finne dei gode løysingane. Ikkje dei som er baserte på kjensler.
Kjensler?!
– Vi må berre le, no har dei kopiert logoen vår, det neste blir vel argumentasjonen, seier Anne Line Thingnes Førsund i Vevring og Førdefjorden miljøgruppe.
– Ja, dei seier at dei har starta aksjonen til det beste for fjorden, fordi sjødeponiet er ei betre miljøløysing. Dei seier også at argumentasjonen de brukar er basert på kjensler.
– Kjensler?! Det er nettopp dei fremste kunnskapsinnstansane vi baserer oss på. Miljødirektoratet og Havforskingsinstituttet. Vi har jobba i mange år med å få fram den informasjonen. Samtidig må det gå an å respektere at det finst kjensler for ein sprell levande fjord, som er grunnlaget for busetting og store næringar langs Førdefjorden.
Ho sender kjensleargumentet i retur:
– Det er få i denne saka som er meir opptekne av kjensler enn aksjonærane. Dei røktar avkastninga si og har sterke kjensler for lommeboka. Eg synest det seier mykje at dei kopierer nettsida vår. Eg kan ikkje tru at dette er representativt for aksjonærane, i så tillfelle lurer eg på seriøsiteten til dei som held på å sleppe laus på fjorden.
«Husk at vi er 'Miljøgruppe for bærekraftig utvikling'!»
På økonomiforumet til hegnar.no er debatten mellom aksjonærar og andre interesserte i full gang. Der blir tiltaket godt tatt imot.
Dette skriv mellom anna «Junk 400»:
Veldig bra Molin og Plingen skal også ha ære.
F er veldig stolt over hva dere klarer å få til, skulle gjerne kjent dere alle for å fått til noe spennende for AS Norge i sammen, virker så de er kvalitet i alle ledd :-)
Dette skriv «unotert»:
Da har jeg forsøkt å svare Brudny på engelsk, håper det er greit for dere. Ellers la jeg merke til at fanatikerne prøver å hacke siden med svære gift-plakater etc, dette kom opp når jeg navigerte tilbake fra en registreringsoperasjon. Utrolig hva de drittsekkene får seg til å gjøre.
Dette svarar «Molin»:
Bra svar Unotert!
Ellers kan jeg berolige deg om giftplakatene. De har ligget der hele tiden. Vi ønsker ikke gift i fjorden. Men giften kommer ikke fra sjødeponiet. Den kommer hvis en velger landdeponi, og den kommer fra fiskeoppdrett.
Husk at vi er "Miljøgruppe for bærekraftig utvikling"!
«Molin» skriv også:
«Husk å fortsette med å spre linken til fjordaksjonen.no Vi er nå nr 3 på lista i google-søk. Vi vil vel helst på toppen for å få så mange som mulig innom. Ellers, takk for hjelpen alle som har bidratt, og spesielt takk til Pling!»
Og dette skriv «investMidt.»:
«Godt jobba molin ! Får inderlig håpe at ingen "aksjonærer" faller for fristelsen til å bli usakelig,"tingeling" og andre morsomheter jeg har sett,hører ikke hjemme der.Regner med du følger med og rydder opp hvis det skulle ta av i de sene timer. Noen burde selvsagt svare den stakkars jenta som vurderer å bli ulydig,men det må jo ikke være så brutalt at hun og veninna får traumer for resten av livet ;-) Stå på !»
Du kan lese fleire kommentarar her.